Nokre døme på vårt arbeid

 
Skjermbilde 2021-05-08 kl. 22.45.05.png

Salhus skule og Tekstilindustrimuseet

6. og 7. klasse ved Salhus skule hadde besøk av Else Olsen Storesund og Ole Andre Farstad frå Lydbruket i oktober 2020. Dei komponerte og framførte sitt eige verk basert på lydar fra maskinene i den gamle trikotasjefabrikken

Lydbruket_Rehearsal_Day 2_NayaraLeite-20.jpg

Fyllingsdalen videregående skole

Hausten 2020 besøkte Erik Halvorsen og Else Olsen Storesund elevar ved Fyllingsdalen vgs og gjorde komposisjonsprosjekt tilrettelagt for elevar med særskilte behov.

IMG_8953.jpeg

Festspillkollektivet og Robin Hood huset

Sindre Sortland og Ole Andre Farstad gjorde komposisjonsprosjekt med deltakarar frå forskjellige land, og i ulike aldersgrupper, på Robin Hood huset i mai 2017. Komposisjonen, som fekk navnet “Ja vi elsker så godt vi kan,” blei framført på Robin Hood huset 16. mai, som del av Festspillene i Bergen sitt prosjekt “Festspillkollektivet.“

IMG_2132.JPG

Fengselsprosjekt

I regi av BIT20 Ensemble jobba Sindre Sortland og Knut Olai Mjøs Helle (Pladask Elektrisk) saman med innsette i Bjørgvin Fengsel med instrumentbygging, elektronikk og komposisjon gjennom ei veke. Siste dag var det konsert for andre innsette. Prosjektet var finanisert av Kriminalomsorgen.

Svanesong for FM

Gjennom BIT20 Ensemble sitt formidlingsprosjekt gjorde Hilde Annine Hasselberg og Sindre Sortland skuleprosjekt der elevane fekk bygge sine eigne elektroniske instrument av kasserte FM-radioar og elektroniske komponentar på prototypebrett. På framføringa under Borealis festivalen i 2017 kombinerte dei dette med tradisjonelle instrument. Prosjektet var ein del av Bergen DKS (Den kulturelle skolesekken).

Sykkelsymfonien

Gjennom BIT20 Ensemble sitt formidlingsprosjekt jobba Ole Andre Farstad, Arne Sandvoll og Sindre Sortland med elevar på Ådnamarka Skule om å lage ein komposisjon til Festspillene i Bergen i 2017. Verket for elektriske og akustiske syklar og sykkeldeler hadde innslag av både song og dans og vart framført utandørs på Torgallmenningen både på Festspillene og under Sykkel-VM. På framføringa vart laget toppa med fleire team-medlem; Erik Halvorsen, John Hegre, Michael Barnes og Else Olsen S. Framføringa under sykkel-VM var finansiert gjennom VM sitt kulturbudsjett.